1. I det attande året Josjafat var konge i Juda, vart Joram, son til Akab, konge i Israel. Han styrte i Samaria i tolv år.
2. Joram gjorde det som vondt var i Herrens augo, men bar seg ikkje så ille åt som far og mor hans hadde gjort. Han tok bort den Ba’al-støtta som far hans hadde laga.
3. Men han heldt fast ved dei syndene som Jeroboam Nebatsson hadde gjort og fått israelittane til å gjera. Dei vende han seg ikkje bort ifrå.
4. Mesja, kongen i Moab, hadde mykje småfe. Kvart år betalte han Israels-kongen hundre tusen lam og ulla av hundre tusen verar i skatt.
5. Men då Akab døydde, reiv Moab-kongen seg laus frå Israels-kongen.
6. Straks drog kong Joram ut or Samaria og mønstra heile Israel.
7. Så sende han bod til Josjafat, Juda-kongen, og sa: «Kongen i Moab har rive seg laus frå meg. Vil du vera med meg på ei hærferd mot Moab?» Han svara: «Ja, det vil eg; eg som du, mitt folk som ditt folk, mine hestar som dine hestar.»
8. «Kva veg skal vi ta?» spurde Joram. Josjafat svara: «Vegen gjennom øydemarka i Edom.»
9. Så tok dei av stad, kongane i Israel, Juda og Edom. Men då dei hadde fare sju dagsleier fram, fanst det ikkje vatn, korkje til hæren eller til dyra som dei hadde med seg.
10. Då sa Israels-kongen: «Å, Herren har visst kalla desse tre kongane saman for å gje dei i hendene på moabittane.»
11. Men Josjafat sa: «Finst det ingen av Herrens profetar her, så vi kan spørja Herren til råds gjennom han?» Ein av mennene åt Israels-kongen svara: «Her er Elisja, son til Sjafat, den tenaren som stod Elia serleg nær.»