2. Kongebok 25:10-26 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Og heile kaldearhæren, som livvakthovdingen hadde med seg, reiv ned murane kring Jerusalem.

11. Så førte Nebusaradan bort dei som var att i byen, og dei som hadde falle frå og gått over til babylonarkongen, og resten av folket.

12. Berre ein del av småkårsfolket i landet fekk vera att; dei skulle arbeida i vingardane og på åkrane.

13. Kaldearane slo sund bronsesøylene framfor Herrens hus, fotstykka for offerkjelane og bronsehavet som stod der. All bronsen førte dei til Babylonia.

14. Dei tok oskefata og eldskuflene, ljosesaksene og røykjelsesskålene og alle dei andre bronsekara som hadde vore nytta i gudstenesta.

15. Livvakthovdingen tok òg med seg glopannene og offerskålene, alt som var av gull og sølv.

16. I alt det som kong Salomo hadde laga til Herrens hus, dei to søylene, det eine havet og fotstykka, var det så mykje bronse at han ikkje kunne vegast.

17. Den eine søyla var atten alner høg og hadde eit søylehovud av bronse, som var tre alner høgt. Rundt ikring på søylehovudet var det flettverk og granateple, alt saman av bronse. Sameleis var det med den andre søyla; den òg hadde flettverk.

18. Hovdingen over livvakta tok med seg overpresten Seraja, andrepresten Sefanja og dei tre dørvaktarane.

19. Frå byen tok han med seg ein hoffmann, som hadde tilsyn med stridsmennene, fem av kongens fremste tenestemenn, som endå var i byen, dessutan skrivaren åt hærføraren, han som skreiv ut folk i landet til krigsteneste, og seksti mann av det vanlege folket som fanst i byen.

20. Alle desse tok Nebusaradan, hovdingen over livvakta, med seg. Han førte dei til babylonarkongen i Ribla.

21. Og han slo dei i hel der, i Ribla i Hamat-landet. Såleis vart folket i Juda bortført frå landet sitt.

22. Nebukadnesar, kongen i Babylonia, sette Gedalja, son til Ahikam Sjafansson, til å styra det folket som var att i Juda, dei som han hadde late vera att.

23. Då alle hærførarane og mennene deira fekk høyra at kongen hadde sett Gedalja til styresmann, kom dei til han i Mispa: Ismael, son til Netanja, Johanan, son til Kareah, Seraja, son til Tanhumet frå Netofa, og Ja’asanja, son til ein mann frå Ma’aka. Alle kom dei med mennene sine.

24. Gedalja gjorde eid til dei og mennene deira og sa: «Ver ikkje redde kaldearane! Ver her i landet og ten babylonarkongen, så skal det gå dykk vel.»

25. Men i den sjuande månaden kom Ismael, son til Netanja Elisjamason, som høyrde kongsætta til, og han hadde med seg ti mann. Dei drap Gedalja og dei judearane og kaldearane som var hjå han i Mispa.

26. Då tok alt folket ut, både små og store, og hærførarane med dei. Dei fór til Egypt; for dei var redde kaldearane.

2. Kongebok 25