4. Han tok då livet av så mange skuldlause menn at han fylte Jerusalem med blod. Og det ville Herren ikkje tilgje.
5. Det som elles er å seia om Jojakim og alt det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane.
6. Jojakim gjekk til kvile hjå fedrane sine, og Jojakin, son hans, vart konge etter han.
7. Kongen i Egypt drog ikkje ut or landet sitt meir; for babylonarkongen hadde teke alt land som høyrde han til, frå Egyptarbekken til Eufrat.
8. Jojakin var atten år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tre månader. Mor hans heitte Nehusjta og var dotter til Elnatan frå Jerusalem.
9. Jojakin gjorde det som vondt var i Herrens augo, heilt og fullt som far hans hadde gjort.
10. På den tid drog mennene til Nebukadnesar, kongen i Babylonia, i hærferd mot Jerusalem, og byen vart kringsett.
11. Sidan kom Nebukadnesar sjølv dit, medan mennene hans låg ikring byen.
12. Då gav Jojakin, Juda-kongen, seg over til babylonarkongen saman med mor si og mennene, hovdingane og hoffmennene sine. Og babylonarkongen tok han til fange i det åttande styringsåret sitt.