2. Kongebok 23:9-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Dei som hadde vore prestar på haugane, fekk ikkje bera fram offer på Herrens altar i Jerusalem. Men dei fekk eta usyrt brød saman med brørne sine.

10. Josjia gjorde Tofet i Hinnom-dalen ureint. Ingen skulle la son sin eller dotter si gå gjennom elden for Molok.

11. Han fekk bort dei hestane som Juda-kongane hadde vigsla til sola; dei stod attmed inngangen til Herrens hus, ikkje langt frå det romet som hoffmannen Natan-Melek hadde ut mot føregarden. Og solvognene brende han.

12. Kongen reiv ned altara som stod på taket over høgsalen åt Akas, dei som Juda-kongane hadde reist. Det same gjorde han med dei altara som Manasse hadde bygt i begge føregardane til Herrens hus. Han slo dei sund på staden og kasta støvet ned i Kedron-dalen.

13. Dei offerhaugane som låg austanfor Jerusalem, sør for Tyningsfjellet, gjorde kongen ureine. Det var Salomo, Israels-kongen, som hadde bygt dei for Astarte, den ufyselege gudinna åt folket i Sidon, for Kamosj, den ufyselege guden åt moabittane, og for Milkom, styggedomen åt ammonittane.

14. Josjia slo sund steinstøttene og hogg ned Asjera-pålane. Staden der dei hadde stått, fylte han med menneskebein.

15. I Betel reiv han ned altaret og offerhaugen som Jeroboam Nebatsson hadde bygt, han som fekk Israel til å synda. Både altaret og haugen vart jamna med jorda. Så knuste han steinane til støv og brende Asjera-pålen.

2. Kongebok 23