2. Kongebok 23:26-37 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

26. Likevel gav ikkje Herren opp den store vreiden og harmen sin som brann i han mot Juda, fordi Manasse hadde såra og harma Gud med så mange synder.

27. Difor sa Herren: «Eg vil støyta Juda òg bort frå mitt åsyn, liksom eg støytte bort Israel. Eg vil vraka Jerusalem, den byen eg valde ut, og det huset som eg sa at namnet mitt skulle bu i.»

28. Det som elles er å seia om Josjia og alt det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane.

29. I hans dagar gjorde farao Neko, kongen i Egypt, ei hærferd mot assyrarkongen – til Eufrat. Kong Josjia drog ut imot han, men Neko drap han ved Megiddo med det same han fekk sjå han.

30. Mennene til Josjia køyrde den falne kongen bort frå Megiddo. Dei førte han til Jerusalem og gravla han der. Så tok folket i landet og salva Joakas, son til Josjia, og gjorde han til konge etter faren.

31. Joakas var tjuetre år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tre månader. Mor hans heitte Hamutal og var dotter til Jeremia frå Libna.

32. Joakas gjorde det som vondt var i Herrens augo, heilt og fullt som fedrane hans hadde gjort.

33. Farao Neko tok han til fange i Ribla i Hamat-landet, så han ikkje kunne styra i Jerusalem lenger. Og av landet kravde han ei bot på hundre talentar sølv og ein talent gull.

34. Så sette farao Neko Eljakim, son åt Josjia, til konge etter far hans og endra namnet hans til Jojakim. Joakas tok han med seg til Egypt, og der døydde han.

35. Jojakim betalte sølvet og gullet til farao. Men han laut leggja ein skatt på landet, så han kunne greia den summen farao kravde. Han dreiv inn sølvet og gullet hjå folket i landet alt etter som kvar var ilikna, og gav det så til farao Neko.

36. Jojakim var tjuefem år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i elleve år. Mor hans heitte Sebuda og var dotter til Pedaja frå Ruma.

37. Jojakim gjorde det som vondt var i Herrens augo, heilt og fullt som fedrane hans hadde gjort.

2. Kongebok 23