2. Kongebok 23:17-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

17. Så spurde kongen: «Kva er det for ein gravstein eg ser der borte?» Mennene i byen svara: «Det er grava åt den gudsmannen som kom frå Juda og varsla det som du no har gjort med altaret her i Betel.»

18. Då sa kongen: «Lat han kvila i fred! Ingen må flytta beina hans.» Så lét dei beina hans vera, og like eins beina åt den profeten som var komen frå Samaria.

19. I byane i Samaria rudde Josjia bort alle offerhaughusa som kongane i Israel hadde bygt og såleis eggja Herren til harme. Han gjorde i alle måtar så med dei som han hadde gjort i Betel.

20. Alle offerhaugprestane som fanst der, drap han ved altara, og han brende menneskebein på dei. Så fór han heim att til Jerusalem.

21. Sidan gav kongen heile folket denne føresegna: «Hald påske for Herren dykkar Gud, så som det står skrive i denne paktboka!»

22. Ei slik påskehelg hadde ikkje vorte halden sidan den tid då domarane styrte i Israel, ikkje så lenge det hadde vore kongar i Israel og Juda.

23. Det var fyrst i det attande styringsåret åt Josjia at dei heldt ei slik påskehelg for Herren i Jerusalem.

24. Josjia rudde ut åndemanarane og spåmennene, husgudane og avgudane og alle ufyselege gudebilete som var å sjå i Juda og Jerusalem. For han ville halda dei lovbod som stod skrivne i den boka presten Hilkia hadde funne i Herrens hus.

25. Det hadde aldri før vore nokon konge som Josjia. Ingen hadde på den måten vendt om til Herren av heile sitt hjarta og heile sin hug og av all si makt og halde alt det som Moselova krev. Og sidan stod det heller ikkje fram nokon konge som han.

2. Kongebok 23