2. Kongebok 23:1-3 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då sende kongen bod etter alle dei eldste i Juda og Jerusalem, og dei samla seg hjå han.

2. Sidan gjekk han opp til Herrens hus, og alle Juda-mennene og Jerusalems-buane fylgde han: prestane og profetane og heile folket, både store og små. Og han las opp for dei alt det som stod skrive i paktboka som dei hadde funne i Herrens hus.

3. Så steig kongen fram til søyla og gjorde ei pakt for Herrens åsyn: Folket skulle fylgja Herren og halda hans bod, lovbod og føresegner av heile sitt hjarta og heile sin hug. Alle dei paktord som var skrivne i denne boka, skulle dei halda. Og heile folket gjekk med i pakta.

2. Kongebok 23