2. Kongebok 21:9-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Men dei ville ikkje høyra, og Manasse førte dei vilt, så dei gjorde endå meir vondt enn dei folkeslaga som Herren hadde rudt ut for israelittane.

10. Då tala Herren gjennom tenarane sine, profetane, og sa:

11. Fordi Manasse, Juda-kongen, har gjort så stygge ting, ting som er verre enn alt det amorittane før han gjorde, og med si avgudsdyrking har lokka Juda òg til synd,

12. difor seier Herren, Israels Gud: No vil eg føra slik ulukke over Jerusalem og Juda at det ringjer for øyro på alle som høyrer om det.

13. Eg vil spenna same mælesnora over Jerusalem som over Samaria og bruka same vektloddet som mot Akabs ætt. Eg vil turka bort Jerusalem som når ein turkar av eit fat og snur det opp ned.

14. Eg vil ikkje meir bry meg om dei som er att av folket mitt, men gje dei i hendene på fiendane deira, så dei alle kan røva og plyndra dei.

15. Så skal det gå fordi dei har gjort det som vondt er i mine augo, og harma meg frå den dagen fedrane deira drog ut or Egypt, og til denne dag.

16. Elles tok Manasse livet av mange skuldlause menn; han fylte Jerusalem med blod frå ende til annan. Han fekk òg judearane med på si synd, og dei gjorde det som vondt var i Herrens augo.

17. Det som elles er å seia om Manasse og alt det han gjorde, og all synda hans, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane.

18. Manasse gjekk til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd i Ussa-hagen, som låg attmed slottet hans, og Amon, son hans, vart konge etter han.

19. Amon var tjueto år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i to år. Mor hans heitte Mesjullemet og var dotter til Harus frå Jotba.

20. Amon gjorde det som vondt var i Herrens augo, liksom Manasse, far hans.

2. Kongebok 21