2. Kongebok 21:14-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Eg vil ikkje meir bry meg om dei som er att av folket mitt, men gje dei i hendene på fiendane deira, så dei alle kan røva og plyndra dei.

15. Så skal det gå fordi dei har gjort det som vondt er i mine augo, og harma meg frå den dagen fedrane deira drog ut or Egypt, og til denne dag.

16. Elles tok Manasse livet av mange skuldlause menn; han fylte Jerusalem med blod frå ende til annan. Han fekk òg judearane med på si synd, og dei gjorde det som vondt var i Herrens augo.

17. Det som elles er å seia om Manasse og alt det han gjorde, og all synda hans, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane.

18. Manasse gjekk til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd i Ussa-hagen, som låg attmed slottet hans, og Amon, son hans, vart konge etter han.

19. Amon var tjueto år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i to år. Mor hans heitte Mesjullemet og var dotter til Harus frå Jotba.

20. Amon gjorde det som vondt var i Herrens augo, liksom Manasse, far hans.

21. Han fór i alle måtar så fram som far hans hadde gjort. Han dyrka dei same avgudane som faren og bøygde seg og tilbad dei.

2. Kongebok 21