13. Eg vil spenna same mælesnora over Jerusalem som over Samaria og bruka same vektloddet som mot Akabs ætt. Eg vil turka bort Jerusalem som når ein turkar av eit fat og snur det opp ned.
14. Eg vil ikkje meir bry meg om dei som er att av folket mitt, men gje dei i hendene på fiendane deira, så dei alle kan røva og plyndra dei.
15. Så skal det gå fordi dei har gjort det som vondt er i mine augo, og harma meg frå den dagen fedrane deira drog ut or Egypt, og til denne dag.
16. Elles tok Manasse livet av mange skuldlause menn; han fylte Jerusalem med blod frå ende til annan. Han fekk òg judearane med på si synd, og dei gjorde det som vondt var i Herrens augo.
17. Det som elles er å seia om Manasse og alt det han gjorde, og all synda hans, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane.
18. Manasse gjekk til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd i Ussa-hagen, som låg attmed slottet hans, og Amon, son hans, vart konge etter han.
19. Amon var tjueto år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i to år. Mor hans heitte Mesjullemet og var dotter til Harus frå Jotba.
20. Amon gjorde det som vondt var i Herrens augo, liksom Manasse, far hans.
21. Han fór i alle måtar så fram som far hans hadde gjort. Han dyrka dei same avgudane som faren og bøygde seg og tilbad dei.
22. Han gjekk bort frå Herren, sine fedrars Gud, og ferdast ikkje på Herrens veg.
23. Mennene til Amon svor seg saman mot han, og dei drap kongen i hans eige hus.
24. Men folket i landet slo i hel alle som hadde svore seg saman mot kong Amon, og så tok dei Josjia, son hans, til konge etter han.