2. Kongebok 20:19-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

19. Då sa Hiskia til Jesaja: «Godt er det ordet frå Herren som du har tala.» Han tenkte: «Det vert nok trygt og godt så lenge eg lever!»

20. Det som elles er å seia om Hiskia og alle dei storverk han gjorde, korleis han laga dammen og tunnelen og leidde vatnet inn i byen, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane.

21. Hiskia gjekk til kvile hjå fedrane sine, og Manasse, son hans, vart konge etter han.

2. Kongebok 20