2. Kongebok 2:1-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Den gongen Herren tok Elia opp til himmelen i ein storm, bar det så til: Elia og Elisja gjekk saman ut frå Gilgal.

2. Elia sa til Elisja: «Ver du her! For Herren sender meg til Betel.» Men Elisja svara: «Så sant Herren lever, og så sant du sjølv lever: Eg skil ikkje lag med deg.» Så fór dei ned til Betel.

3. Profetsveinane i Betel kom ut til Elisja og sa til han: «Veit du at Herren i dag vil ta meisteren din bort beint over hovudet på deg?» Han svara: «Ja, eg veit det, eg òg. Tei berre stilt!»

4. Så sa Elia til han: «Ver du her, Elisja! For Herren sender meg til Jeriko.» Men han svara: «Så sant Herren lever, og så sant du sjølv lever: Eg skil ikkje lag med deg.» Så gjekk dei til Jeriko.

5. Profetsveinane der i byen kom bort til Elisja og sa til han: «Veit du at Herren i dag vil ta meisteren din bort beint over hovudet på deg?» Han svara: «Ja, eg veit det. Tei berre stilt!»

6. No sa Elia til han: «Ver du her! For Herren sender meg til Jordan.» Men Elisja svara: «Så sant Herren lever, og så sant du sjølv lever: Eg skil ikkje lag med deg.» Så gjekk dei frametter, dei to.

7. Då kom femti av profetsveinane ut og stelte seg opp midt for dei eit stykke unna, medan dei to stod nedmed Jordan.

8. Elia tok kappa si, rulla henne saman og slo på vatnet. Då delte vatnet seg, og begge gjekk over på turre botnen.

9. Medan dei gjekk over, sa Elia til Elisja: «Sei kva du vil at eg skal gjera for deg før eg vert teken frå deg.» Elisja svara: «Lat meg få ånda di i dobbelt mål!»

10. Elia sa: «Det er ikkje lite, det du bed om. Men ser du meg når eg vert teken frå deg, skal du få det, elles ikkje.»

2. Kongebok 2