2. Kongebok 19:1-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då kong Hiskia høyrde det, reiv han sund kleda sine, tok på seg botsdrakt og gjekk inn i Herrens hus.

2. Så sende han slottshovdingen Eljakim, riksskrivaren Sjebna og dei eldste av prestane, kledde i botsdrakt, til profeten Jesaja, son til Amos.

3. Dei sa til han: «Så seier Hiskia: Dette er ein dag med trengsle, tukt og vanære. For barnet er kome til livmormunningen, men det finst ikkje kraft til å føda.

4. Kanskje Herren din Gud høyrer alt det hærføraren har sagt, han som er send av herren sin, assyrarkongen, for å spotta den levande Gud. Kanskje Herren din Gud vil straffa han for dei orda han har høyrt. Så send då opp ei bøn for den leivningen som enno er att!»

5. Då kongsmennene kom til Jesaja,

6. sa han til dei: «Sei til herren dykkar: Så seier Herren: Ver ikkje redd for dei ord du har høyrt, dei spottord som mennene åt assyrarkongen har tala mot meg.

2. Kongebok 19