2. Kongebok 18:9-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. I det fjerde styringsåret åt Hiskia, det sjuande året Hosea, son til Ela, var konge i Israel, gjorde Salmanassar, kongen i Assyria, ei hærferd mot Samaria og kringsette byen.

10. Då tre år var lidne, tok dei han. Det var i det sjette styringsåret åt Hiskia at Samaria fall, det niande året Hosea var konge i Israel.

11. Assyrarkongen førte israelittane bort til Assyria og lét dei busetja seg i Halak og bortmed Habor, ei elv i Gosan, og i byane i Media.

12. Så gjekk det fordi dei ikkje ville høyra på Herren sin Gud, men braut hans pakt og alle dei bod som Moses, Herrens tenar, hadde gjeve dei. Dei ville korkje høyra eller gjera det han baud dei.

13. I det fjortande året Hiskia var konge, drog Sankerib, kongen i Assyria, mot alle festningsbyane i Juda og tok dei.

14. Då han var komen til Lakisj, sende Hiskia, Juda-kongen, bod til han og sa: «Eg har bore meg ille åt. Far bort frå meg! Det du legg på meg, skal eg bera.» Assyrarkongen kravde tre hundre talentar sølv og tretti talentar gull av Hiskia.

15. Og Hiskia gav han alt sølvet som fanst i Herrens hus og i skattkammera i kongsgarden.

16. Same gongen braut han gullet av dørene i Herrens hus og av dørkarmane som han sjølv hadde kledt med gull, og gav det til assyrarkongen.

17. Men assyrarkongen sende kommandanten, hoffsjefen og hærføraren med ein stor hær frå Lakisj mot kong Hiskia i Jerusalem. Dei drog fram, og då dei kom til Jerusalem, stelte dei seg opp ved vassleidningen frå Øvredammen, attmed vegen til Bleikjevollen.

18. Så tok dei til å ropa på kongen. Då gjekk slottshovdingen Eljakim, son til Hilkia, ut til dei saman med riksskrivaren Sjebna og kanslaren Joak, son til Asaf.

19. Hærføraren ropa til dei: Sei til Hiskia: Så seier storkongen, kongen i Assyria: Kva er det du lit på, sidan du kjenner deg så trygg?

2. Kongebok 18