2. Han var tjuefem år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tjueni år. Mor hans heitte Abi og var dotter til Sakarja.
3. Hiskia gjorde det som rett var i Herrens augo, heilt og fullt som David, ættefar hans, hadde gjort.
4. Han la ned offerhaugane, slo sund steinstøttene, hogg ned Asjera-pålane og knasa koparormen som Moses hadde laga. For alt til den tid hadde israelittane ofra til ormen. Dei kalla han Nehusjtan.
5. Hiskia sette si lit til Herren, Israels Gud. Det har ikkje vore hans like mellom alle Juda-kongane som kom etter han, og heller ikkje mellom dei som var før han.
6. Han heldt seg nær til Herren og veik aldri frå han; han heldt dei boda som Herren hadde gjeve Moses.
7. Herren var med han, og han hadde lukka med seg i alt han tok seg føre. Han reiste seg mot assyrarkongen og ville ikkje tena han lenger.
8. Han slo filistarane og tok landet deira heilt ned til Gasa og bygdene der ikring, både dei stadene som hadde vakttårn og festningsbyane.
9. I det fjerde styringsåret åt Hiskia, det sjuande året Hosea, son til Ela, var konge i Israel, gjorde Salmanassar, kongen i Assyria, ei hærferd mot Samaria og kringsette byen.
10. Då tre år var lidne, tok dei han. Det var i det sjette styringsåret åt Hiskia at Samaria fall, det niande året Hosea var konge i Israel.
11. Assyrarkongen førte israelittane bort til Assyria og lét dei busetja seg i Halak og bortmed Habor, ei elv i Gosan, og i byane i Media.
12. Så gjekk det fordi dei ikkje ville høyra på Herren sin Gud, men braut hans pakt og alle dei bod som Moses, Herrens tenar, hadde gjeve dei. Dei ville korkje høyra eller gjera det han baud dei.
13. I det fjortande året Hiskia var konge, drog Sankerib, kongen i Assyria, mot alle festningsbyane i Juda og tok dei.
14. Då han var komen til Lakisj, sende Hiskia, Juda-kongen, bod til han og sa: «Eg har bore meg ille åt. Far bort frå meg! Det du legg på meg, skal eg bera.» Assyrarkongen kravde tre hundre talentar sølv og tretti talentar gull av Hiskia.
15. Og Hiskia gav han alt sølvet som fanst i Herrens hus og i skattkammera i kongsgarden.
16. Same gongen braut han gullet av dørene i Herrens hus og av dørkarmane som han sjølv hadde kledt med gull, og gav det til assyrarkongen.
17. Men assyrarkongen sende kommandanten, hoffsjefen og hærføraren med ein stor hær frå Lakisj mot kong Hiskia i Jerusalem. Dei drog fram, og då dei kom til Jerusalem, stelte dei seg opp ved vassleidningen frå Øvredammen, attmed vegen til Bleikjevollen.