2. Kongebok 18:12-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Så gjekk det fordi dei ikkje ville høyra på Herren sin Gud, men braut hans pakt og alle dei bod som Moses, Herrens tenar, hadde gjeve dei. Dei ville korkje høyra eller gjera det han baud dei.

13. I det fjortande året Hiskia var konge, drog Sankerib, kongen i Assyria, mot alle festningsbyane i Juda og tok dei.

14. Då han var komen til Lakisj, sende Hiskia, Juda-kongen, bod til han og sa: «Eg har bore meg ille åt. Far bort frå meg! Det du legg på meg, skal eg bera.» Assyrarkongen kravde tre hundre talentar sølv og tretti talentar gull av Hiskia.

15. Og Hiskia gav han alt sølvet som fanst i Herrens hus og i skattkammera i kongsgarden.

16. Same gongen braut han gullet av dørene i Herrens hus og av dørkarmane som han sjølv hadde kledt med gull, og gav det til assyrarkongen.

17. Men assyrarkongen sende kommandanten, hoffsjefen og hærføraren med ein stor hær frå Lakisj mot kong Hiskia i Jerusalem. Dei drog fram, og då dei kom til Jerusalem, stelte dei seg opp ved vassleidningen frå Øvredammen, attmed vegen til Bleikjevollen.

18. Så tok dei til å ropa på kongen. Då gjekk slottshovdingen Eljakim, son til Hilkia, ut til dei saman med riksskrivaren Sjebna og kanslaren Joak, son til Asaf.

19. Hærføraren ropa til dei: Sei til Hiskia: Så seier storkongen, kongen i Assyria: Kva er det du lit på, sidan du kjenner deg så trygg?

20. Meiner du at tome ord er råd og styrke i krig? Kven er det du lit på, sidan du har sett deg opp mot meg?

21. Du set nok di lit til Egypt, den brotne røyrstaven som stikk hol i handa på dei som stør seg på han. Såleis er farao, kongen i Egypt, for alle som lit på han.

22. Men svarar du meg: «Det er Herren vår Gud vi set vår lit til,» då spør eg deg: Var det ikkje hans offerhaugar og altar Hiskia tok bort då han sa til folket i Juda og Jerusalem: «Berre framfor dette altaret i Jerusalem skal de bøya dykk og tilbe?»

23. Gjer no eit vågemål med herren min, kongen i Assyria: Eg gjev deg to tusen hestar dersom du kan finna ryttarar til dei!

24. Korleis kan du då driva attende ein einaste statthaldar, ein av dei ringaste tenarane åt herren min, du som set di lit til Egypt og vonar at du skal få vogner og hestfolk derifrå?

2. Kongebok 18