2. Kongebok 18:1-7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. I det tredje året Hosea, son til Ela, var konge i Israel, vart Hiskia, son til Akas, konge i Juda.

2. Han var tjuefem år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tjueni år. Mor hans heitte Abi og var dotter til Sakarja.

3. Hiskia gjorde det som rett var i Herrens augo, heilt og fullt som David, ættefar hans, hadde gjort.

4. Han la ned offerhaugane, slo sund steinstøttene, hogg ned Asjera-pålane og knasa koparormen som Moses hadde laga. For alt til den tid hadde israelittane ofra til ormen. Dei kalla han Nehusjtan.

5. Hiskia sette si lit til Herren, Israels Gud. Det har ikkje vore hans like mellom alle Juda-kongane som kom etter han, og heller ikkje mellom dei som var før han.

6. Han heldt seg nær til Herren og veik aldri frå han; han heldt dei boda som Herren hadde gjeve Moses.

7. Herren var med han, og han hadde lukka med seg i alt han tok seg føre. Han reiste seg mot assyrarkongen og ville ikkje tena han lenger.

2. Kongebok 18