16. Dei brydde seg ikkje om alle dei boda som Herren deira Gud hadde gjeve dei. Dei laga seg støypte bilete, to kalvar, og reiste ein Asjera-påle. Dei bøygde seg og tilbad heile himmelhæren og dyrka Ba’al.
17. Dei lét sønene og døtrene sine gå gjennom elden, tok varsel og dreiv med spådomskunster. Dei selde seg til å gjera det som vondt var i Herrens augo, og såleis vekte dei hans harme.
18. Difor vart Herren brennande harm på israelittane og støytte dei frå seg. Berre Juda-ætta vart att.
19. Men heller ikkje Juda heldt dei bod som Herren deira Gud hadde gjeve. Dei fylgde dei skikkane som israelittane hadde ført inn.
20. Difor vraka Herren heile Israels-ætta. Han fór hardt fram mot dei, gav dei i hendene på ransmenn og kasta dei til sist frå seg.
21. Den gongen Herren reiv Israel laus frå Davids hus, tok dei Jeroboam Nebatsson til konge. Jeroboam førte israelittane vilt, så dei ikkje fylgde Herren; han fekk dei til å gjera ei stor synd.
22. Israelittane gjorde dei same syndene som Jeroboam og heldt ikkje opp med det.
23. Til sist støytte Herren dei frå seg, som han hadde varsla gjennom alle tenarane sine, profetane. Israelittane vart bortførte frå landet sitt til Assyria, og der har dei vore til denne dag.
24. Kongen i Assyria henta folk frå Babylon, Kuta, Avva, Hamat og Sefarvajim og lét dei busetja seg i byane i Samaria i staden for israelittane. Dei tok Samaria i eige og slo seg ned i byane der.
25. Den fyrste tida dei budde der, hadde dei ikkje age for Herren. Difor sende Herren løver inn mellom dei, og løvene drap mange av dei.
26. Då sa dei til assyrarkongen: «Dei folka som du førte bort og lét busetja seg i byane i Samaria, veit ikkje korleis dei skal dyrka guden her i landet. Difor har han sendt løver inn mellom dei, og løvene drep dei, fordi dei ikkje veit korleis guden i landet skal dyrkast.»
27. Då sa assyrarkongen til mennene sine: «Send ein av dei prestane som de har ført bort frå landet! Lat han fara av stad og busetja seg der, og så skal han læra folket korleis guden i landet skal dyrkast.»
28. Så kom ein av prestane som dei hadde ført bort frå Samaria, og busette seg i Betel. Han lærte folket korleis dei skulle ottast Herren.