1. I det syttande styringsåret åt Pekah Remaljason vart Akas, son til Jotam, konge i Juda.
2. Han var tjue år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i seksten år. Akas gjorde ikkje det som rett var for Herren hans Gud, så som David, ættefar hans, hadde gjort,
3. men fylgde den same vegen som Israels-kongane. Han lét jamvel son sin gå gjennom elden, ein stygg skikk som han fekk frå dei folkeslaga Herren hadde drive ut or landet for israelittane.
4. Og han slakta og ofra på haugane og høgdene og under kvart grønt tre.
5. På den tid gjorde aramearkongen Resin og Israels-kongen Pekah Remaljason ei hærferd mot Jerusalem. Dei kringsette Akas, men greidde ikkje å gå til åtak.