2. Kongebok 15:28-37 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

28. Pekah gjorde det som vondt var i Herrens augo, og gav ikkje opp dei syndene som Jeroboam Nebatsson hadde gjort og fått israelittane til å gjera.

29. På den tid Pekah var konge i Israel, kom Tiglat-Pileser, kongen i Assyria, og tok Ijjon, Abel-Bet-Ma’aka, Janoak, Kedesj, Hasor, Gilead og Galilea, heile Naftali-landet. Og folket som budde der, førte han bort til Assyria.

30. Då fekk Hosea, son til Ela, i stand ei samansverjing mot Pekah Remaljason. Hosea slo han i hel og vart konge i staden hans. Det var i det tjuande året etter at Jotam, son til Ussia, vart konge.

31. Det som elles er å seia om Pekah og alt det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.

32. I det andre året Pekah Remaljason var konge i Israel, vart Jotam, son til Ussia, konge i Juda.

33. Han var tjuefem år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i seksten år. Mor hans heitte Jerusja og var dotter til Sadok.

34. Jotam gjorde det som rett var i Herrens augo, heilt og fullt som Ussia, far hans, hadde gjort.

35. Men offerhaugane vart ikkje nedlagde. Folket heldt fram med å slakta og ofra på haugane. Det var Jotam som bygde Øvreporten i Herrens hus.

36. Det som elles er å seia om Jotam og alt det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane.

37. På den tid tok Herren til å senda Resin, kongen i Aram, og Pekah, son til Remalja, mot Juda.

2. Kongebok 15