2. Kongebok 15:22-32 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

22. Menahem gjekk til kvile hjå fedrane sine, og Pekahja, son hans, vart konge etter han.

23. I det femtiande året Asarja var konge i Juda, vart Pekahja, son til Menahem, konge i Israel. Han styrte i Samaria i to år.

24. Pekahja gjorde det som vondt var i Herrens augo, og gav ikkje opp dei syndene som Jeroboam Nebatsson hadde gjort og fått israelittane til å gjera.

25. Våpensveinen hans, Pekah, son til Remalja, fekk til ei samansverjing mot Pekahja. Han hogg ned både han og Argob og Arje i Samaria, inne i borga i kongsgarden. Pekah hadde med seg femti mann frå Gilead. Då han hadde drepe Pekahja, vart han konge i staden hans.

26. Det som elles er å seia om Pekahja og alt det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.

27. Det var i det femtiandre styringsåret åt Juda-kongen Asarja at Pekah Remaljason vart konge i Israel. Han styrte i Samaria i tjue år.

28. Pekah gjorde det som vondt var i Herrens augo, og gav ikkje opp dei syndene som Jeroboam Nebatsson hadde gjort og fått israelittane til å gjera.

29. På den tid Pekah var konge i Israel, kom Tiglat-Pileser, kongen i Assyria, og tok Ijjon, Abel-Bet-Ma’aka, Janoak, Kedesj, Hasor, Gilead og Galilea, heile Naftali-landet. Og folket som budde der, førte han bort til Assyria.

30. Då fekk Hosea, son til Ela, i stand ei samansverjing mot Pekah Remaljason. Hosea slo han i hel og vart konge i staden hans. Det var i det tjuande året etter at Jotam, son til Ussia, vart konge.

31. Det som elles er å seia om Pekah og alt det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.

32. I det andre året Pekah Remaljason var konge i Israel, vart Jotam, son til Ussia, konge i Juda.

2. Kongebok 15