20. Dei pengane Menahem laut gje til assyrarkongen, fekk han inn på den måten at han la skatt på alle velståande menn i Israel, femti sekel på kvar. Så fór assyrarkongen heim att og stogga ikkje lenger i landet.
21. Det som elles er å seia om Menahem og alt det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.
22. Menahem gjekk til kvile hjå fedrane sine, og Pekahja, son hans, vart konge etter han.
23. I det femtiande året Asarja var konge i Juda, vart Pekahja, son til Menahem, konge i Israel. Han styrte i Samaria i to år.
24. Pekahja gjorde det som vondt var i Herrens augo, og gav ikkje opp dei syndene som Jeroboam Nebatsson hadde gjort og fått israelittane til å gjera.
25. Våpensveinen hans, Pekah, son til Remalja, fekk til ei samansverjing mot Pekahja. Han hogg ned både han og Argob og Arje i Samaria, inne i borga i kongsgarden. Pekah hadde med seg femti mann frå Gilead. Då han hadde drepe Pekahja, vart han konge i staden hans.