3. Amasja gjorde det som rett var i Herrens augo, men ikkje som David, ættefar hans. Han bar seg i alle måtar så åt som Joasj, far hans, hadde gjort.
4. Men offerhaugane vart ikkje nedlagde. Folket heldt fram med å slakta og ofra på haugane.
5. Så snart Amasja hadde riket trygt i si hand, slo han i hel dei mennene som hadde drepe far hans, kongen.
6. Men borna åt drapsmennene slo han ikkje i hel. Han heldt seg etter det bodet frå Herren som står skrive i lovboka åt Moses: Fedrar skal ikkje lata livet for det borna har gjort, og born ikkje for det fedrane har gjort. Kvar skal døy for si eiga synd.
7. Amasja slo edomittane i Saltdalen, ti tusen mann. Han tok Sela og kalla byen Jokte’el, som han har heitt til denne dag.
8. På den tid sende Amasja bod til Israels-kongen Joasj, son til Joakas Jehuson. «Kom, lat oss prøva styrke med kvarandre!» sa han.
9. Men Joasj, kongen i Israel, sende dette bodet attende til Amasja, Juda-kongen: «Klungeren på Libanon sende ein gong bod til sederen der og sa: Lat son min få dotter di til kone! Men villdyra på Libanon kom farande og trakka ned klungeren.