2. Kongebok 14:13-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. Juda-kongen Amasja, son til Joasj Akasjason, vart teken til fange ved Bet-Sjemesj av Joasj, Israels-kongen. Då dei kom til Jerusalem, reiv han ned bymuren frå Efraims-porten til Hjørneporten, eit stykke på fire hundre alner.

14. Og han tok alt gullet og sølvet og alle dei kar som fanst i Herrens hus og i skattkammeret i kongsgarden. Gislar tok han òg med seg då han fór heim att til Samaria.

15. Det som elles er å seia om Joasj og alt det han gjorde, om storverka hans i krigen mot Juda-kongen Amasja, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.

16. Joasj gjekk til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd i Samaria, der dei andre Israels-kongane låg, og Jeroboam, son hans, vart konge etter han.

17. Juda-kongen Amasja, son til Joasj, levde femten år etter at Israels-kongen Joasj, son til Joakas, var død.

18. Det som elles er å seia om Amasja, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane.

19. Dei fekk til ei samansverjing mot han i Jerusalem. Då rømde han til Lakisj. Men dei sende folk etter han og drap han der.

20. Så køyrde dei han til Jerusalem med hestar, og han vart gravlagd i Davids-byen, der fedrane hans låg.

21. Så tok heile Juda-folket og gjorde Asarja, som då var seksten år gamal, til konge etter Amasja, far hans.

22. Det var han som vann Eilat att åt Juda og bygde byen om til ei borg, etter at kongen hadde gått til kvile hjå fedrane sine.

23. I det femtande året Amasja, son til Joasj, var konge i Juda, vart Jeroboam, son til Joasj, konge i Israel. Han styrte i Samaria i førtiein år.

24. Jeroboam gjorde det som vondt var i Herrens augo, og gav ikkje opp dei syndene som Jeroboam Nebatsson hadde gjort og fått israelittane til å gjera.

25. Han vann att landområde som hadde høyrt Israel til, frå Lebo-Hamat til Øydemarksjøen. Det gjekk som Herren, Israels Gud, hadde sagt gjennom tenaren sin, profeten Jona Amittaison frå Gat-Hefer.

26. For Herren hadde sett kor ille det stod til med israelittane. Det var ute både med store og små, og det fanst ingen som hjelpte dei.

27. Herren hadde ikkje sagt at han ville stryka ut Israels namn under himmelen. Difor lét han Jeroboam, son til Joasj, berga dei.

28. Det som elles er å seia om Jeroboam og alt det han gjorde, om storverka hans i krigen då han vann att Damaskus og Hamat for Israel, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.

29. Jeroboam gjekk til kvile hjå fedrane sine, Israels-kongane, og Sakarja, son hans, vart konge etter han.

2. Kongebok 14