2. Kongebok 14:10-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Du har vunne over edomittane, og difor har du vorte så stormodig. Lat deg no nøya med den æra du har, og hald deg heime! Kvifor vil du styrta deg i ulukke? Du kjem berre til å falla, og judearane med deg.»

11. Men Amasja ville ikkje høyra på han. Så drog Joasj, Israels-kongen, ut mot Amasja, Juda-kongen. Det kom til styrkeprøve mellom dei ved Bet-Sjemesj, som ligg i Juda.

12. Judearane tapte for israelittane og rømde kvar til sitt.

13. Juda-kongen Amasja, son til Joasj Akasjason, vart teken til fange ved Bet-Sjemesj av Joasj, Israels-kongen. Då dei kom til Jerusalem, reiv han ned bymuren frå Efraims-porten til Hjørneporten, eit stykke på fire hundre alner.

14. Og han tok alt gullet og sølvet og alle dei kar som fanst i Herrens hus og i skattkammeret i kongsgarden. Gislar tok han òg med seg då han fór heim att til Samaria.

15. Det som elles er å seia om Joasj og alt det han gjorde, om storverka hans i krigen mot Juda-kongen Amasja, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.

16. Joasj gjekk til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd i Samaria, der dei andre Israels-kongane låg, og Jeroboam, son hans, vart konge etter han.

17. Juda-kongen Amasja, son til Joasj, levde femten år etter at Israels-kongen Joasj, son til Joakas, var død.

18. Det som elles er å seia om Amasja, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane.

19. Dei fekk til ei samansverjing mot han i Jerusalem. Då rømde han til Lakisj. Men dei sende folk etter han og drap han der.

20. Så køyrde dei han til Jerusalem med hestar, og han vart gravlagd i Davids-byen, der fedrane hans låg.

21. Så tok heile Juda-folket og gjorde Asarja, som då var seksten år gamal, til konge etter Amasja, far hans.

2. Kongebok 14