2. Kongebok 14:1-5 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. I det andre året Joasj, son til Joakas, var konge i Israel, vart Amasja, son til Joasj, konge i Juda.

2. Han var tjuefem år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tjueni år. Mor hans heitte Joaddan og var frå Jerusalem.

3. Amasja gjorde det som rett var i Herrens augo, men ikkje som David, ættefar hans. Han bar seg i alle måtar så åt som Joasj, far hans, hadde gjort.

4. Men offerhaugane vart ikkje nedlagde. Folket heldt fram med å slakta og ofra på haugane.

5. Så snart Amasja hadde riket trygt i si hand, slo han i hel dei mennene som hadde drepe far hans, kongen.

2. Kongebok 14