13. Då Joasj gjekk til kvile hjå fedrane sine, sette Jeroboam seg på kongsstolen hans. Joasj vart gravlagd i Samaria, der dei andre Israels-kongane låg.
14. Då Elisja hadde fått den sjukdomen som han døydde av, kom Joasj, Israels-kongen, til han. Gråtande bøygde han seg ned over han og sa: «Å far, far! Israels vogner og hestfolk!»
15. Elisja sa til han: «Henta ein boge og nokre piler!» Då han det hadde gjort,
16. sa Elisja til kongen: «Legg handa di på bogen!» Han så gjorde, og Elisja la hendene sine på hendene åt kongen
17. og sa: «Lat opp vindauga som vender mot aust!» Han lét det opp, og Elisja sa: «Skyt!» Så skaut kongen. Då sa profeten: «Ei sigerspil frå Herren, ei sigerspil mot Aram! Du skal slå aramearane i Afek og gjera ende på dei.»
18. Så sa han: «Ta pilene!» Kongen tok dei, og profeten sa til han: «Slå på jorda!» Han slo tre gonger, men så heldt han opp.
19. Då vart gudsmannen harm på han og sa: «Du skulle ha slege fem eller seks gonger! Då hadde du slege aramearane og gjort heilt ende på dei. No kjem du berre til å slå dei tre gonger.»
20. Så døydde Elisja og vart gravlagd.På den tid kom det kvart år herjeflokkar frå Moab inn i landet.
21. Ein gong fekk nokre som skulle gravleggja ein mann, sjå at det kom ein slik herjeflokk. Då kasta dei mannen ned i grava til Elisja. Med det same mannen kom nær beina åt Elisja, livna han opp att og reiste seg.
22. Hasael, kongen i Aram, plaga israelittane hardt så lenge Joakas levde.
23. Men Herren var nådig og mild mot dei. Han tok seg av dei på grunn av den pakta han hadde gjort med Abraham, Isak og Jakob. Han ville ikkje øyda dei ut og støytte dei endå ikkje bort frå seg.
24. Då aramearkongen Hasael døydde, vart Benhadad, son hans, konge etter han.