2. Kongebok 13:10-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. I det trettisjuande året Joasj var konge i Juda, vart Joasj, son til Joakas, konge i Israel. Han styrte i Samaria i seksten år.

11. Joasj gjorde det som vondt var i Herrens augo. Han gav ikkje opp alle dei syndene som Jeroboam Nebatsson hadde gjort og fått israelittane til å gjera. Dei heldt han fram med.

12. Det som elles er å seia om Joasj og alt det han gjorde, om storverka hans i striden med Amasja, kongen i Juda, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.

13. Då Joasj gjekk til kvile hjå fedrane sine, sette Jeroboam seg på kongsstolen hans. Joasj vart gravlagd i Samaria, der dei andre Israels-kongane låg.

14. Då Elisja hadde fått den sjukdomen som han døydde av, kom Joasj, Israels-kongen, til han. Gråtande bøygde han seg ned over han og sa: «Å far, far! Israels vogner og hestfolk!»

15. Elisja sa til han: «Henta ein boge og nokre piler!» Då han det hadde gjort,

16. sa Elisja til kongen: «Legg handa di på bogen!» Han så gjorde, og Elisja la hendene sine på hendene åt kongen

17. og sa: «Lat opp vindauga som vender mot aust!» Han lét det opp, og Elisja sa: «Skyt!» Så skaut kongen. Då sa profeten: «Ei sigerspil frå Herren, ei sigerspil mot Aram! Du skal slå aramearane i Afek og gjera ende på dei.»

18. Så sa han: «Ta pilene!» Kongen tok dei, og profeten sa til han: «Slå på jorda!» Han slo tre gonger, men så heldt han opp.

19. Då vart gudsmannen harm på han og sa: «Du skulle ha slege fem eller seks gonger! Då hadde du slege aramearane og gjort heilt ende på dei. No kjem du berre til å slå dei tre gonger.»

20. Så døydde Elisja og vart gravlagd.På den tid kom det kvart år herjeflokkar frå Moab inn i landet.

2. Kongebok 13