1. I det tjuetredje året Joasj, son til Akasja, var konge i Juda, vart Joakas, son til Jehu, konge i Israel. Han styrte i Samaria i sytten år.
2. Joakas gjorde det som vondt var i Herrens augo, og heldt fram med dei same syndene som Jeroboam Nebatsson hadde gjort og fått israelittane til å gjera. Dei gav han ikkje opp.
3. Då vart Herren brennande harm på Israel. Gong på gong gav han dei i hendene på aramearkongen Hasael og son hans, Benhadad.
4. Men Joakas bad Herren om nåde, og Herren høyrde bøna hans; for han såg kor vondt israelittane hadde det når aramearkongen plaga dei.
5. Herren gav dei ein bergingsmann, så dei kom seg fri frå aramearveldet. No kunne israelittane bu i heimane sine som før.
6. Likevel gav dei ikkje opp dei syndene som Jeroboams ætt hadde gjort og fått israelittane til å gjera. Dei heldt dei fram med. Jamvel Asjera-biletet vart ståande i Samaria.