2. Kongebok 12:12-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. og til murarane og steinhoggarane. Desse pengane nytta dei òg til å kjøpa trevyrke og hoggen stein, så dei kunne setja Herrens hus i stand att. Såleis greidde dei alle utgiftene då templet skulle vølast.

13. Men dei pengane som kom inn til templet, vart ikkje nytta til å laga sølvbollar, knivar, offerskåler, trompetar eller noko slag kar av gull eller sølv.

14. Pengane vart gjevne til arbeidsleiarane, som nytta dei til å vøla på Herrens hus.

15. Ingen heldt rekneskap med dei mennene som tok imot pengane og gav dei til arbeidsleiarane; for dei fór ærleg fram.

16. Men pengane som kom inn ved skuldoffer og syndoffer, gjekk ikkje til Herrens hus; dei fekk prestane.

17. På den tid gjorde aramearkongen Hasael ei hærferd mot Gat. Då han hadde teke byen, sette han seg føre å gå mot Jerusalem.

18. Då tok Joasj, Juda-kongen, alle dei heilage tinga som fedrane hans, Juda-kongane Josjafat, Joram og Akasja, hadde vigt til templet, og det han sjølv hadde vigt. Saman med alt gullet og sølvet som fanst i skattkammera, både i Herrens hus og i kongsgarden, sende han det til Hasael, aramearkongen. Då drog han bort og gjekk ikkje mot Jerusalem.

19. Det som elles er å seia om Joasj og alt det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane.

20. Mennene åt kongen reiste seg mot han og fekk til ei samansverjing. Dei drap Joasj i Millo-huset, då han var på veg ned til Silla.

2. Kongebok 12