10. Presten lét hovdingane få dei spyda og skjolda som hadde høyrt kong David til, og som var i Herrens hus.
11. Og vaktmennene stelte seg opp, kvar mann med våpen i hand, frå sørsida til nordsida av templet, bort imot altaret og huset, i ein ring kring kongen.
12. Så leidde Jojada kongssonen ut, sette på han krona og gav han vitnemålet, og dei kåra han til konge og salva han. Og folket klappa i hendene og ropa: «Leve kongen!»
13. Då Atalja høyrde korleis vaktmennene og folkehopen ropa, gjekk ho opp til folket i Herrens hus.
14. Der fekk ho sjå kongen stå ved søyla, som skikken var, og hovdingane og hornblåsarane attmed han, medan alt folket jubla og bles i trompetar. Då reiv Atalja sund kleda sine og ropa: «Opprør, opprør!»
15. Men presten Jojada sa til hovdingane over livvakta, dei som stod over hæren: «Lei henne ut mellom rekkjene! Og fylgjer nokon etter henne, så hogg han ned med sverd!» For presten hadde sagt: «Ho må ikkje drepast i Herrens hus!»
16. Så greip dei Atalja. Ho laut gå gjennom Hesteporten inn i kongsgarden, og der vart ho drepen.
17. Sidan gjorde Jojada ei pakt mellom Herren og kongen og folket: Dei skulle vera Herrens folk. Mellom kongen og folket gjorde han òg ei pakt.
18. Så gjekk alt folket til Ba’al-templet og reiv det ned. Altara og gudebileta der slo dei i knas, og Ba’al-presten Mattan drap dei framfor altaret.Presten sette ut vaktpostar ved Herrens hus.