1. Då Atalja, mor til Akasja, fekk vita at son hennar var død, sette ho seg føre å rydja ut heile kongsætta.
2. Men Josjeba, dotter til kong Joram og syster til Akasja, tok i løynd Joasj, son til Akasja, bort frå flokken av kongssøner som skulle drepast. Ho hadde han og fostermor hans inn i eit kammer. Der gøymde dei han for Atalja, så han ikkje vart drepen.
3. Sidan var han hjå Josjeba i Herrens hus. Han heldt seg løynd i seks år, medan Atalja styrte i landet.
4. Men i det sjuande året sende Jojada bod etter livvakta og dei andre vaktmennene og lét dei koma til seg i Herrens hus. Han gjorde ein avtale med dei og tok dei i eid i Herrens hus. Så synte han dei kongssonen
5. og sa frå kva dei skulle gjera: «Den tredjeparten av dykk som gjer teneste ved kongsgarden på sabbaten,
6. den tredjeparten som er ved Surporten, og den som er ved porten bak vaktmennene, de skal skiftevis halda vakt ved templet.
7. Og to flokkar, alle de som skulle ha avløysing på sabbaten, skal halda vakt over kongen i Herrens hus.
8. De skal fylka dykk rundt ikring kongen, kvar mann med våpen i hand, og vil nokon trengja seg inn i rekkjene, skal han drepast. De må fylgja kongen kvar han går og står.»