2. Kongebok 10:23-31 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

23. Då Jehu, saman med Jonadab Rekabsson, kom inn i Ba’al-templet, sa han til Ba’al-dyrkarane: «Sjå vel etter at det ikkje er nokon av dei som dyrkar Herren, mellom dykk, men berre Ba’al-dyrkarar.»

24. Så gjekk dei inn og bar fram slaktoffer og brennoffer. Men Jehu sette åtti mann utanfor huset og sa: «Den som lèt nokon sleppa unna av dei mennene eg gjev i hendene på dykk, skal sjølv bøta med livet.»

25. Då dei var ferdige med å bera fram brennofferet, sa Jehu til livvakta og våpensveinane: «Gå inn og hogg dei ned! Lat ingen sleppa unna!» Livvakta og våpensveinane hogg dei ned med sverd og kasta dei ut. Så gjekk dei inn i Ba’al-templet,

26. bar ut støttene som stod der, og brende dei opp.

27. Dei knuste Ba’al-støtta, reiv ned Ba’al-templet og gjorde det om til eit do, som det er den dag i dag.

28. Såleis rudde Jehu ut Ba’al or Israel.

29. Men sjølv heldt han ikkje opp med dei syndene som Jeroboam Nebatsson hadde gjort og fått israelittane til å gjera: å dyrka gullkalvane i Betel og Dan.

30. Herren sa til Jehu: «Fordi du til gagns har gjort det som rett er i mine augo, og i alle måtar har fare såleis med Akabs ætt som eg ville, så skal etterkomarane dine sitja på Israels kongsstol i fire ættleder.»

31. Men Jehu la ikkje vinn på å ferdast heilhjarta etter den lova som Herren, Israels Gud, hadde gjeve. Han gav ikkje opp dei syndene som Jeroboam hadde gjort og fått israelittane til å gjera.

2. Kongebok 10