2. Kongebok 10:19-30 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

19. Kall no alle Ba’al-profetane hit til meg, alle som dyrkar han, og alle som er prestar for han! Ikkje ein må vanta! For no skal eg halda ein stor offerfest for Ba’al. Kvar den som ikkje møter fram, skal lata livet.» Det var ei list Jehu fann på, så han kunne få rudt ut alle Ba’al-dyrkarane.

20. «Lys ut ei høgtidssamling for Ba’al!» sa han, og det gjorde dei.

21. Jehu sende bod kring i heile Israel, og alle Ba’al-dyrkarane kom. Det fanst ikkje ein som heldt seg borte. Og då dei gjekk inn i Ba’al-templet, vart huset fullt frå ende til annan.

22. Så sa han til den mannen som hadde tilsyn med kleskammeret: «Ta fram kledebunader til alle Ba’al-dyrkarane!» Og han henta fram bunader til dei.

23. Då Jehu, saman med Jonadab Rekabsson, kom inn i Ba’al-templet, sa han til Ba’al-dyrkarane: «Sjå vel etter at det ikkje er nokon av dei som dyrkar Herren, mellom dykk, men berre Ba’al-dyrkarar.»

24. Så gjekk dei inn og bar fram slaktoffer og brennoffer. Men Jehu sette åtti mann utanfor huset og sa: «Den som lèt nokon sleppa unna av dei mennene eg gjev i hendene på dykk, skal sjølv bøta med livet.»

25. Då dei var ferdige med å bera fram brennofferet, sa Jehu til livvakta og våpensveinane: «Gå inn og hogg dei ned! Lat ingen sleppa unna!» Livvakta og våpensveinane hogg dei ned med sverd og kasta dei ut. Så gjekk dei inn i Ba’al-templet,

26. bar ut støttene som stod der, og brende dei opp.

27. Dei knuste Ba’al-støtta, reiv ned Ba’al-templet og gjorde det om til eit do, som det er den dag i dag.

28. Såleis rudde Jehu ut Ba’al or Israel.

29. Men sjølv heldt han ikkje opp med dei syndene som Jeroboam Nebatsson hadde gjort og fått israelittane til å gjera: å dyrka gullkalvane i Betel og Dan.

30. Herren sa til Jehu: «Fordi du til gagns har gjort det som rett er i mine augo, og i alle måtar har fare såleis med Akabs ætt som eg ville, så skal etterkomarane dine sitja på Israels kongsstol i fire ættleder.»

2. Kongebok 10