13. Tredje gongen sende kongen ein femtimannsførar og mennene hans til han. Denne føraren gjekk opp til Elia, la seg på kne for han og bad for seg. «Gudsmann,» sa han, «kom i hug kor dyrt livet er for meg og desse femti tenarane dine!
14. Det fór eld ned frå himmelen og øydde dei to førre førarane og mennene deira. No må du spara meg!»
15. Då sa Herrens engel til Elia: «Gå med han og ver ikkje redd han!» Så reiste han seg, fylgde føraren ned til kongen
16. og sa til han: «Så seier Herren: Fordi du sende bod og ville rådspørja Ba’al-Sebub, guden i Ekron, som om det ikkje var nokon Gud å spørja i Israel, skal du ikkje stå opp or den senga du har lagt deg i; du skal døy.»