2. Kongebok 1:1-7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Etter at Akab var død, gjorde Moab opprør mot Israel.

2. Ein dag datt Akasja ut gjennom gittervindauga i høgsalen sin i Samaria og vart liggjande sjuk. Då sende han nokre menn av stad og sa: «Gå og spør Ba’al-Sebub, guden i Ekron, om eg skal koma meg av denne sjukdomen.»

3. Men Herrens engel sa til Elia frå Tisjbe: «Stå opp og gå til møtes med dei mennene som kongen i Samaria har sendt, og sei til dei: Er det ingen Gud i Israel, sidan de skal av og rådspørja Ba’al-Sebub, guden i Ekron?

4. Difor seier Herren så: Du kjem ikkje til å stå opp or den senga du har lagt deg i; du skal døy.» Så gjekk Elia.

5. Då mennene kom attende til kongen, spurde han: «Kvifor kjem de alt att?»

6. Dei svara: «Det kom ein mann imot oss, og han sa til oss: Gå attende til kongen som har sendt dykk, og sei til han: Så seier Herren: Er det ingen Gud i Israel, sidan du sender bod og rådspør Ba’al-Sebub, guden i Ekron? Difor kjem du ikkje til å stå opp or den senga du har lagt deg i; du skal døy.»

7. Kongen spurde: «Korleis såg han ut, den mannen som møtte dykk og tala såleis til dykk?»

2. Kongebok 1