7. For vi har ikkje hatt noko med oss til verda, og vi kan heller ikkje ta noko med oss herifrå.
8. Har vi mat og klede, skal vi vera nøgde med det.
9. Dei som vil verta rike, fell i freistingar og snarer og vert gripne av mange slag tåpelege og skadelege lyster som støyter menneske ned i undergang og fortaping.
10. For kjærleik til pengar er ei rot til alt vondt. Drivne av pengehug har mange fare vilt og er komne bort frå trua; dei har valda seg sjølve mykje liding.
11. Men du, Guds mann, hald deg frå alt dette og jag etter rettferd, gudsfrykt, tru, kjærleik, tolmod og spaklynde!
12. Strid den gode striden i trua, og grip det evige livet som du er kalla til, og som du vedkjende deg då du bar fram den gode vedkjenninga framfor mange vitne.
13. Eg byd deg for Gud, som gjev alle ting liv, og for Kristus Jesus, som bar fram den gode vedkjenninga for Pontius Pilatus:
14. Ta vare på oppgåva di, og hald henne rein og ulastande til vår Herre Jesus Kristus kjem i herlegdom.
15. Og det skal han la oss få sjå i si tid, han som er den sæle og einaste mektige, kongen over kongane og herren over herrane,
16. den einaste som er udøyeleg, og som bur i eit ljos der ingen kan koma, han som inkje menneske har sett og ingen kan sjå. Han skal ha ære og evig makt! Amen.
17. Byd dei som er rike i denne verda, at dei ikkje må vera hovmodige og setja si von til den usikre rikdomen, men til Gud. Han gjev oss rikeleg av alt, så vi kan nyta det.
18. Dei skal gjera vel, vera rike på gode gjerningar, gje med raus hand og gjerne dela med andre.
19. På den måten skal dei samla seg skattar og leggja ein god grunnvoll for den tid som kjem, så dei kan gripa det sanne livet.
20. Kjære Timoteus, ta vare på det du har fått overgjeve! Vend deg bort frå det gudlause og tome snakket og motsegnene frå den kunnskap som med urette vert kalla så.
21. Visse folk vedkjenner seg den og har villa seg bort frå trua.Nåden vere med dykk!