1. Timoteus 5:4-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Men har ei enkje born eller barneborn, så lat dei fyrst læra å visa gudsfrykt i sin eigen huslyd og gje dei gamle vederlag. For det er etter Guds vilje.

5. Den som verkeleg er enkje og står åleine, ho har sett si von til Gud og lever i bøn og påkalling natt og dag.

6. Men den som berre vil nyta livet, er levande død.

7. Det òg skal du prenta inn, så det ikkje skal vera noko å seia på dei.

8. Den som ikkje har omsut for sine næraste, og fyrst og fremst sin eigen huslyd, har fornekta trua og er verre enn ein vantruande.

9. Berre den som har fylt seksti år, kan skrivast inn mellom enkjene i kyrkjelyden. Ho må ha vore éin manns kone,

10. vera kjend for gode gjerningar, ha oppseda born, vore gjestmild, vaska føtene åt dei kristne, hjelpt dei som er i naud, og i det heile lagt vinn på å gjera vel.

11. Men unge enkjer skal du ikkje godta. For kanskje vert dei gripne av lyster og vil gifta seg, og då gjer dei Kristus imot;

12. for dei får den domen over seg at dei har brote den lovnaden dei fyrst gav om truskap.

13. Dessutan har dei ikkje noko å gjera og ven seg til å springa kring i husa. Ja, ikkje nok med at dei ingen ting gjer; dei fer òg med sladder og legg seg opp i saker som ikkje kjem dei ved, og snakkar om slikt som ikkje sømer seg.

1. Timoteus 5