1. Timoteus 4:10-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Difor er det vi arbeider og strider. For vi har sett vår von til den levande Gud, han som er frelsar for alle menneske, men fyrst og fremst for dei som trur.

11. Dette skal du byda og læra.

12. Lat ingen vanvørda deg fordi du er ung, men ver eit føredøme for dei truande i ord og gjerning, i kjærleik, truskap og reinleik.

13. Ta deg serskilt av skriftlesinga, forkynninga og opplæringa, til dess eg kjem.

14. Forsøm ikkje den nådegåva som er i deg, den du fekk ved profetord då eldsterådet la hendene på deg.

15. Ta deg av alt dette, lev i det, så alle kan sjå at du gjer framsteg.

16. Gjev akt på deg sjølv og lærargjerninga di! Hald fram med det! For når du det gjer, skal du frelsa både deg sjølv og dei som høyrer deg.

1. Timoteus 4