1. Timoteus 4:1-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Anden seier med klåre ord at i dei siste tider skal somme falla frå trua. Dei skal halda seg til ånder som fører vilt, og til lærdomar som kjem frå vonde makter.

2. Dei vert narra av hyklarar som fer med lygn og er brennemerkte i sitt eige samvit.

3. Dei nektar folk å gifta seg og krev at ein skal halda seg frå visse slag mat, den som Gud har skapt til å verta motteken med takk av dei som trur og kjenner sanninga.

4. For alt det Gud har skapt, er godt, og ingen ting treng vrakast når det vert motteke med takk.

5. Det vert helga med Guds ord og bøn.

6. Når du lærer brørne dette, er du ein god Kristi Jesu tenar som nærer seg av det ordet som skaper tru, og av den gode læra, som du alltid har fylgt.

7. Men vis frå deg dei ugudelege mytane, som berre er tom tale. Øv deg heller i gudsfrykt.

8. For kroppsleg øving er ikkje gagnleg til mykje, men gudsfrykt er gagnleg til alt. Ho ber i seg lovnad både for dette livet og for det som kjem.

9. Det er eit truverdig ord, vel verdt å ta imot.

1. Timoteus 4