1. Timoteus 1:3-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Då eg fór til Makedonia, bad eg deg vera att i Efesos. Du skulle forby visse folk å fara med anna lære.

4. Sei til dei at dei ikkje må gje seg av med mytar og endelause ættetavler. For slikt fører berre til spekulasjonar og tener ikkje Guds frelsesplan; den er for trua.

5. Men målet for dette påbodet er den kjærleiken som kjem frå eit reint hjarta, eit godt samvit og ei ærleg tru.

6. Nokre har villa seg bort frå dette målet og har hamna i tomt snakk.

7. Dei vil vera lovlærarar, men skjønar korkje det dei sjølve seier eller det dei talar så sjølvtrygge om.

8. Men vi veit at lova er god når ho vert bruka som ho skal brukast.

1. Timoteus 1