1. Timoteus 1:14-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Og vår Herres nåde har vore overstrøymande rik og gjeve meg tru og kjærleik i Kristus Jesus.

15. Det er eit truverdig ord og vel verdt å ta imot, at Kristus Jesus kom til verda for å frelsa syndarar, og mellom dei er eg den største.

16. Men når eg fekk miskunn, var det for at Jesus Kristus fyrst skulle syna alt sitt langmod på meg, til eit føredøme for dei som sidan skulle koma til tru på han og få evig liv.

17. Han som er konge frå æve til æve, den uforgjengelege, usynlege, einaste Gud, han skal ha pris og ære i all æve. Amen.

18. Å forkynna dette, Timoteus, son min, er den oppgåva eg overgjev deg, i samsvar med dei profetord som før er tala til deg. Ved dei skal du strida den gode striden,

19. i tru og med godt samvit. Nokre har kasta frå seg det gode samvitet og lide skipbrot på trua.

20. Mellom dei er Hymeneus og Aleksander, som eg har overgjeve til Satan, så dei skal tuktast til å la vera å spotta.

1. Timoteus 1