1. Paulus, Kristi Jesu apostel etter påbod frå Gud, vår frelsar, og frå Kristus Jesus, vår von,
2. helsar Timoteus, sin ektefødde son i trua. Nåde, miskunn og fred frå Gud Fader og Kristus Jesus, vår Herre!
3. Då eg fór til Makedonia, bad eg deg vera att i Efesos. Du skulle forby visse folk å fara med anna lære.
4. Sei til dei at dei ikkje må gje seg av med mytar og endelause ættetavler. For slikt fører berre til spekulasjonar og tener ikkje Guds frelsesplan; den er for trua.
5. Men målet for dette påbodet er den kjærleiken som kjem frå eit reint hjarta, eit godt samvit og ei ærleg tru.
6. Nokre har villa seg bort frå dette målet og har hamna i tomt snakk.
7. Dei vil vera lovlærarar, men skjønar korkje det dei sjølve seier eller det dei talar så sjølvtrygge om.
8. Men vi veit at lova er god når ho vert bruka som ho skal brukast.
9. Vi må hugsa at lova ikkje er gjeven for rettferdige, men for lovbrytarar og sjølvrådige, ugudelege og syndarar, folk utan age for det heilage, verdslege, born som slår far sin eller mor si, mordarar,
10. menn som driv hor eller har utuktig omgang med menn, slavehandlarar, lygnarar og dei som gjer rang eid, og kva det elles måtte vera som strider mot den sunne læra.
11. Dette seier eg i samsvar med evangeliet om den sæle Guds herlegdom, det som eg har fått overlate.