1. Tessalonikar 2:17-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

17. Ei lita stund var vi skilde frå dykk, brør; de var ute or augo, men ikkje or hugen. Men vi lengta så sterkt etter dykk at vi fekk meir og meir hug til å sjå dykk att.

18. Difor sette vi oss føre å vitja dykk. Eg, Paulus, freista både ein og to gonger. Men Satan hindra oss.

19. For kven skal vera vår von, vår glede og vår ærekrans om ikkje de, den dagen vår Herre Jesus kjem, og vi står for hans åsyn?

20. Ja, de er vår ære og vår glede!

1. Tessalonikar 2