1. Tessalonikar 2:14-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. For de, brør, har teke Guds kyrkjelydar i Judea til føredøme, dei som har sitt liv i Kristus Jesus. De har mått tola det same av dykkar landsmenn som dei har mått tola av jødane,

15. dei som drap Herren Jesus og profetane og forfylgde oss. Dei er ikkje Gud til hugnad og står alle menneske imot,

16. for dei hindrar oss i å tala til heidningane, så dei kan verta frelste. Såleis fyller dei alltid syndemålet sitt. Men til sist har vreiden nått dei.

17. Ei lita stund var vi skilde frå dykk, brør; de var ute or augo, men ikkje or hugen. Men vi lengta så sterkt etter dykk at vi fekk meir og meir hug til å sjå dykk att.

18. Difor sette vi oss føre å vitja dykk. Eg, Paulus, freista både ein og to gonger. Men Satan hindra oss.

19. For kven skal vera vår von, vår glede og vår ærekrans om ikkje de, den dagen vår Herre Jesus kjem, og vi står for hans åsyn?

20. Ja, de er vår ære og vår glede!

1. Tessalonikar 2