1. Tessalonikar 2:11-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. liksom de veit kor vi påminte kvar og ein av dykk som ein far påminner borna sine.

12. Vi sette mot i dykk og bad dykk inderleg at de skulle ferdast så som verdig er for Gud, han som kallar dykk til sitt rike og sin herlegdom.

13. Og difor takkar vi alltid Gud: Då de fekk overgjeve det Guds ord som vi forkynte, tok de imot det, ikkje som menneskeord, men som det Guds ord det i sanning er, og det verkar med kraft i dykk som trur.

1. Tessalonikar 2