1. Samuelsbok 7:12-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Der tok Samuel ein stein og sette han opp mellom Mispa og Jesjana. Den kalla han «Hjelpesteinen» og sa: «Til no har Herren hjelpt oss.»

13. Såleis vart filistarane kua, og dei kom ikkje oftare innanfor Israels grenser. Herrens hand låg tungt på filistarane så lenge Samuel levde.

14. Dei byane som filistarane hadde teke frå Israel, kom under Israel att, heilt frå Ekron til Gat; og bygdene som låg ikring dei, vann Israel att frå filistarane. Mellom Israel og amorittane var det òg fred.

15. Samuel var domar i Israel så lenge han levde.

16. Kvart år drog han ikring til Betel, Gilgal og Mispa, og på alle desse stadene skifte han rett mellom israelittane.

17. Sidan fór han heim att til Rama; for der budde han, og der var han domar for Israel. I Rama bygde han eit altar for Herren.

1. Samuelsbok 7