1. Samuelsbok 3:17-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

17. Eli spurde: «Kva var det han sa til deg? Kjære, døl det ikkje for meg! Gud la det gå deg ille både no og sidan om du døl for meg noko av det han sa til deg.»

18. Så fortalde Samuel alt saman og dulde ingen ting for han. Då sa Eli: «Han er Herren. Han lyt gjera som han tykkjer best.»

19. Så voks Samuel opp. Og Herren var med han og lét ikkje noko av det han hadde sagt, falla maktlaust til jorda.

20. Då skjøna heile Israel frå Dan til Be’er-Sjeba at Herren sette lit til Samuel og hadde kalla han til profet.

21. Og Herren heldt fram med å syna seg i Sjilo; der openberra Herren seg for Samuel gjennom sitt ord.

1. Samuelsbok 3