9. Då mennene åt David kom til Nabal, helsa dei frå David og bar fram ærendet sitt; så stod dei og venta.
10. Men Nabal svara: «Kven er David? Kven er Isai-sonen? No om dagen er det så mange trælar som spring bort frå herrane sine.
11. Og så skulle eg ta brødet og vatnet mitt og feet som eg har slakta til dei som klypper for meg, og gje det til folk som eg ikkje veit kvar er ifrå!»
12. Mennene snudde og gjekk sin veg, og då dei kom heim til David, fortalde dei han alt som hadde hendt.
13. Då sa han til mennene sine: «Spenn sverdet på dykk, alle mann!» Dei så gjorde. David spente òg sverdet på seg, og så fylgde dei han opp, om lag fire hundre mann, medan to hundre vart att ved føringsvognene.
14. Men ein av tenestgutane kom og fortalde dette til Abigajil, kona åt Nabal, og sa: «David sende nokre menn hit frå øydemarka med helsing til husbonden vår, men han skjelte dei ut.
15. Og desse mennene har då vore venlege mot oss. Ingen av dei har gjort oss noko vondt, og det har ikkje kome bort noko for oss så lenge vi har vore saman med dei ute i marka.
16. Dei var som ein mur ikring oss både natt og dag i all den tid vi heldt oss nær dei og gjætte småfeet.
17. Så tenk deg no vel om kva du skal gjera! For ulukka heng over husbonden vår og heile hans hus. Men sjølv er han så vrang at ingen torer tala til han.»
18. Då var Abigajil snar i vendinga. Ho tok to hundre brød, to hiter med vin, fem saueskrottar, fem mål steikt korn, hundre rosinkaker og to hundre fikenkaker og la det på esla.