12. Sjå her, far, her har eg snippen av kappa di i handa! Når eg skar denne snippen av kappa di og ikkje drap deg, må du då sjå og skjøna at eg ikkje emnar på noko vondt eller på svik. Og eg har ikkje forbrote meg mot deg. Men du er etter meg og vil ta livet av meg.
13. Herren skal døma mellom meg og deg; han skal gje meg hemn over deg, men eg vil ikkje leggja hand på deg.
14. Det er som dei seier med eit gamalt ord: Av vonde er vondt ventande. Men eg legg ikkje hand på deg.
15. Kven er det Israels konge er ute og leitar etter? Kven er det du forfylgjer? Ein daud hund, ei einsleg loppe!
16. Så skal då Herren vera domar og døma mellom meg og deg. Han skal sjå til å føra mi sak og hjelpa meg til min rett mot deg.»
17. Då David hadde tala desse orda til Saul, sa kongen: «Er det du som talar, David, son min?» Så sette han i og gret
18. og sa til David: «Du er betre enn eg, for du har gjort godt mot meg, endå eg har gjort vondt mot deg.
19. I dag har du synt meg kor god du er mot meg; du drap meg ikkje då Herren hadde gjeve meg i di hand.